HMK Garden til Fagernes laurdag 31. mai 2008

Me vil få oppleva rundt 100 gardistar i Fagernes' bygater. Dei vil syne seg fram både på gatekonsert i Fagernes sentrum, og med friluftskonsert på Valdres Folkemuseum. Målet med dette besøket er mellom anna å auke rekrutteringa til HMK Garden, også frå Valdres. Fagernes Musikkorps med fleire korpsvener frå heile Valdres, deltek som aktørar på fellesnummer med HMK Garden avslutningsvis på museumsplassen.

3. Gardekompani- Musikk- Signal- og Drilltropp er den mest kjente avdelinga i HMK Garden. Dette er ei parade, seremoni og oppvisningseining med tre underavdelingar: musikk, signal og drill. Den største av desse er Gardemusikken med ca. 50 vernepliktige musikantar, og drilltroppen med 40 vernepliktige drillgardistar.

Desse ca. 100 gardistane kjem til Fagernes til sommaren – og vil spele friluftskonsert saman med korps frå Valdres på Valdres Folkemuseum. Invitasjonen til korpsa har gått ut, men vi veit enno ikkje kva for korps som blir med enno. Dette er eit flott høve for mange til å spele saman med eit av verdas beste korps1
Garden vonar at dette besøket i Valdres også kan fungere i høve rekruttering av framtidige vernepliktige frå Valdres. Program for laurdag 31. mai blir slik:
Kl. 1500 Gatekonsert i Fagernes bygater med HMK Garden. Her blir det mogleg å sjå dei marsjere og gjera drill i tillegg til å høyre dei spele i gata. Oppmarsjen startar ved Shell, går via Jernbanevegen og E16, og endar ved Valdres Folkemuseum.
Kl. 1600 Friluftskonsert på Valdres Folkemuseum med HMK Garden, der avslutningsnummeret; Gammel Jegermarsj vil bli framført saman med korps frå heile Valdres.
Koordinatorar for arrangementet er Valdresmusea v/Svein Thorsrud og Ingrid Bolstad. Korps frå heile Valdres er med å gjer ein dugnadsinnsats i tillegg til det musikalske.
Praktiske opplysningar: Inngangsbillett for konserten vert 50,- for vaksne, og gratis inngang for barn og medverkande korpsmusikantar. Det kan være lurt å ta med seg eige stol, då konserten skal haldast i amfiet inne på museumsområdet. Det vert sal av kaffe, vaflar/lappar og mineralvatn. Det er begrensa med parkering ved museet, og vi oppmodar av den grunn folk til å parkere bilar ved parken eller på andre høvelege parkeringar.

Me vonar at så mange som mogleg vil koma og dele denne opplevinga saman med oss. -styret- v/ Anne Bråten Tvenge

Tilbake